Måsar

Me skulle draga på ei strand 
Lesa høgt frå bøker saman
Læra deg å plystra
Dansa saman 
Medan måsar skrik og tek
Noko løynleg frå meg
Eg trudde det var 
Berre ost
Men dei stal deg