Desember

Kvart år gler eg meg til den 1. desember, for då kan eg taka ein liten pustepause frå mine hektiske eksamensførebuingar og pynta til jol her i leilegheita. Levande ljos og ein kopp med rykande gløgg i handa er noko eg verkeleg treng til å overleva tre skriftlege eksamenar utan å verta eit nervevrak.

I mellomtida byrja eg å skriva jolekort til familien og venane mine. Diverre klara eg ikkje å finna ei løysing på korleis ein kan finna tid til alt når ein ikkje har ho,  og difor er det særleg viktig for meg å dukka fram på slutten av året med jolekorta mine og seia «Sorry, det har vore so travelt at eg ikkje hadde tid til noko som helst, men uansett, tenkjer eg på dokker». Det går sikkert greitt.

Det er det fyrste året utan adventskalender. Har eg vorte ei eldgamal dame utan interesse for slike saker eller åt eg altfor mykje sjokolade i det siste? Advent of Code 2017 har redda dagen. Av alle dei programmeringsspråka eg kunne, valde eg å løysa dei to fyrste problema med Scheme og Racket, båe er hovuddialektane til Lisp. Sidan det vert 25 oppgåver å løysa, tykkjest eg at det er lurt å byta programmeringsspråk, det skulle jo vera ganske keisamt å skriva alt i Java eller Python.

Eg har eit klart bilete av kva som må til for at min desember skal vera perfekt og sjølvsagt tenkjer eg mykje på mat. Tradisjonelle jolerettar frå ulike land er noko eg gler meg veldig til. I år vert det Janssons frestelse, Olivier salad, Julskinka, sur- og sennepssild, rotmos, lutefisk og mykje meir. Den store draumen min er å kjøpa fleire pakkar med pinnekjøt og eta det kvar veke, men eg er ikkje vorte galen enno.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *