Du er eit kjærleiksdikt eg skreiv i natt

Du er eit kjærleiksdikt eg skreiv i natt,
Du er ein snap eg aldri hadde tatt,
Vegvisaran, når eg ikkje finn min veg,
Forsvinn du aldri? Du står rett føre meg

Du er ei pensumbok og vegen min til skole,
Du er eit smil, ei melding og min raude kjole,
Du er ein båt i Oslo hamn, som kastar anker,
Eit menneske eg alltid har i mine tankar.

Supernova

Når alt vert borte og du gløymer meg,
Når Supernova tek ditt hjartans ljos frå deg,
Frå eld og oske skal du plutseleg stiga opp,
Og gje meg det eg ikkje har - eit glimt av håp.