Stranger Things 2

Sjølv om det kan høyrast litt merkeleg ut, kjem eg ikkje i hug dei fleste hendingane i den fyrste sesongen av Stranger Things. Men det var to ting eg var sikker på. Det eine var at eg faktisk lika tv-serien og såg fram til den andre sesongen med glede, og det andre var at brørne Mass og Ross Duffer har klara å skapa noko heilt unikt med å frakta oss attende til 80-talet, den store tida til hockeysveis, arkadespel og Farrah Fawcett spray. Ja, hårsprayen er noko som eksisterte i USA på den tida.

Eg har korkje tid eller lyst til å skriva ein lang spoiler som dekkjer den heile andre sesongen, attåt vil eg ikkje få nokon «hatarar», som ikkje klarar å taka det roleg når dei les spoilerar.

Før eg legg frå meg laptopen, vil eg berre nemna ein bitte liten ting om karakteren hans Joe Keery som har fått den mest positive karakterutviklinga eg nokosinne har sett. Ein treng ikkje å vera med i ein av desse keisame Marvel-filmane for å verta ein helt, det er vel nok å hjelpa ein haug med born å kjempa mot nokre dritskumle hundar. Kven i all verda treng Marvel når me har Steve Harrington?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *